top of page

ØYFJELL SAG OG HØVLERI
Kvalitet for fremtida, tufta på gamle tradisjonar
EI LITA FAMILIEBEDRIFT
Øyfjell Sag og Høvleri driv verksemda vår i Øyfjell i Vinje og ligg gunstig til, rett ved hovudvegen, 15 km frå Rauland. Våre kundar er alt frå privatpersonar til snikkerar, lafterar, byggefirma og riksantikvaren.
I Øyfjell Sag og høvleri er det ti tilsette. Tor-Eivind Øygarden er dagleg leiar, med god hjelp av mor Anne-Lise og far Arild. Dei har drive sagbruket sidan 1998.
Dei driv også sal og service av Serra mobile sager.
I 2001 starta Anne-Lise høvleriet saman med ei venninne. Dei to damene dreiv høvleriet saman fram til våren 2012. Idag er saga og høvleriet slege saman til ei bedrift.

Me sagar det meste, alt frå vanlege bord til villmarkspanel, laft og spesialdimensjonar. Her får du òg takbord, "mesterkledning" og handhøvla åsar. Det berømte Øyfjellsgolvet er ein av våre særmerkte spesialitetar.
Me høvlar alt som kan høvlast: listar, panel, golv, bjelkar og leigehøvling. Me kopierer også gamle profilar frå listar og panel, mellom anna til restaurering.
Vår produksjon bygges på hundre år gamle tradisjonar og me lovar kvalitet i alt me leverer.
Me har i tillegg samarbeid med ulike leverandørar og kan difor tilby det meste som trengst når du skal bygge.
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss – me hjelper deg gjerne!
bottom of page