KLEDNING
Me leverte utvendig kledning til Soria Moria saunaen på Dalen i Tokke.
Produkter
Me sel fleire type kledninger, både høvla og ru. Ved høvla kledning tilbyr me behandling av materialet. Dei mest populære behandlingane er jernvitrolbehandling og brent kledning.
HØVLA KLEDNING
Her er ein av kledningane me sel. Det er ein 5 mm spaltekledning. Nedenfor kan du sjå korleis det blir sjåande ut på veggen.
Her er bilete av nokre rekkjehus bygd med 5 mm spaltekledning og jernvitrolbehandling, som me tilbyr, bygd av Telemark Bygg Entreprenør
Behandling av kledning
Me tilbyr ulike type benadlingar for utvendig kledning. Dei mest populære behandlingane er brent kledning og jernvitrolbehandla kledning. Begge behandlingane er 100% vedlikehaldsfritt og det kan me like!
Brent kledning
Brent kledning er ein japansk teknikk, som gjer at holdbarheita til treverket blir betre. Ein brenner treverket til harpeiksen tar fyr, slik at ein forseglar treverket ved at ein lukker cellane og dannar ein slags hinning over. Det fører til at treverket (cellene) ikkje trekker til seg vatn.
Jernvitrolbehandling
Jernvitrolbehanding er ein behandling av treverket der me tilsett ein mild jernsulfatblanding. Ved å leggje materialet i denne blandina vil treverket eldast fortare og får ein raskare gråfarge. Det fører til mindre skade av insekt på treverket for ein tar ut all mineralen i treverket ved denne behandlinga.