ØYFJELL GOLV

Øyfjellsgolvet er laga etter gamal metode, der ein legg topp mot rot og utnyttar den naturlege koniske forma på trestamma til å lage fine og breide spita golv.

Desse golva finn du i mange gamle stoger i Vinje, Rauland og Øyfjell. Ein slutta å legge desse golva på starten av 1900-talet. Me held ved like denne gamle tradisjonen med desse historiske og slitesterke golva.

13466445_1716818255202674_16967902373745
13511060_1716818901869276_51268192612193
10846024_1542169549334213_45383855269187